Klart for «kick-off» for 6-åringane: – Dette er ei kjempefin moglegheit

Laurdag blir det full fart i Fiskarhallen når Bergsøy Fotball inviterer skulestartarane til «kick-off».

Bli med: Den­ne gjen­gen hå­per at alle 6-år­in­ga­ne i ytre Her­øy blir med når Bergs­øy in­vi­te­rer til «Kick-off» i mor­gon. F.v.: Ing­rid Bea­te Små­dal Hide, Fran­jo Tepuric, Mag­nus Myklebust og Kon­stan­se Torgersen. foto: bergs­øy fot­ball 

Sport

– Dette er ei kjempefin moglegheit for alle 6-åringane til å prøve fotball, og her har vi plass til alle! Dette blir ei kjekk økt der det blir fokus på det sosiale med leik og moro med ball, seier Magnus Myklebust, som er ansvarleg for arrangementet.

I tillegg til Magnus, vil damelagstrenar Ingrid Beate Smådal Hide, AFO-ansvarleg og fysisk trenar Konstanse Torgersen, samt A-lagsspelarane Franjo Tepuric og Kristoffer Dalstrøm vere instruktørar. Dei håper å sjå flest mogleg gutar og jenter i Fiskarhallen i morgon.


Full fart i Fiskarhallen:

Endeleg miniturnering igjen!

Medan lokale seniorlag truleg må sjå heile 2020-sesongen gå fløyten, kan born og ungdom i haust boltre seg på lokale fotballbaner.


– Vi følger smittevernreglar, og legg opp til ei trygg trening der klubben har innarbeida gode rutinar for hygiene.

Magnus Myklebust oppfordrar elles alle til å ta med seg ein klassekamerat eller to for å prøve fotball.

– Klubben er med i jenteløftet som har som mål å få fleire jenter til å bli med i fotballen lenger. Vi håper derfor spesielt at mange jenter kjem på Kick-Off. Døtra mi er i alle fall spenna klar for å prøve fotball, seier Magnus i ei pressemelding.

Myklebust kan elles fortelje at det på grunn av koronaomsyn ikkje vil bli infomøte for føresette på klubbhuset som tidlegare år, men at ein vil få til eit opplegg via Teams for å planlegge for vidare aktivitet.


Fin og stolt fotballtradisjon samla fleire barn og unge på Larsnes denne veka:

– Eg er her fordi eg elskar fotball!

Tysdag, onsdag og torsdag samla i overkant av 50 barn og ungdom seg på Larsnes stadion for den tradisjonsrike Sparebanken Møre Fotballskule.