Frifotanlegget på Moltustranda nærmar seg opning:

Kunstverk i raudt og grønt

Avduking nærmar seg for Moltu sitt nye kunstverk i raudt og grønt ved sida av gamle Munkvoll stadion.

Snart ferdig: Nestleiar i Moltustranda idrettslag, Wegard Pettersen, gler seg til at det nye frifot-anlegget endeleg kan opnast i månadsskiftet august/september.  Foto: Jann Flatv

Sport

Det raude kunstdekket på friidrettsdelen er ferdig lagt og sprøyta, og i desse dagar blir det grøne kunstgraset på fotballdelen rulla ut. Straks det er gjort, vil eit nytt team kome for å merke løpebanene. Dermed vil det nye idrettsanlegget i Munkestranda vere klart i god tid før den planlagde opninga i månadsskiftet august/september.