Roger Helland nummer tre i biljardturnering

Roger Daniel Helland frå HBK held fram sitt gode biljardspel i 2.-divisjon. I helga vart han nummer tre.

Roger Helland: Stadig leverer han gode prestasjonar i biljard. Han ligg godt an i samandraget i 2.- divisjon. Foto: HBK 

Sport

Vi har motteke følgjande rapport frå Herøy Biljardklubb om sandssokningen si deltaking i regionturneringa som vart arrangert i Os:

– Denne helga var Roger Daniel Helland den einaste som representerte HBK då det var RT i Os i disiplinen 10-ball. Roger Daniel spelar i 2.divisjon, men deltok også i 1.divisjonsturneringa der han kom på 17. plass.

– Søndag var det klart for 2. divisjon, der han verkeleg fekk vise kva han er god for. Han starta med 3 klare sigrar i innleiande runde, som ga han ein fortent billett til semifinalen. Der møtte han turneringsvinnar Sivert O. Lien frå Hyllestad. Roger Daniel spelte godt heile helga!

– Herøy Biljardklubb gratulerer med ein flott 3.plass! Han ligg så langt også på tredjeplass samanlagt denne sesongen. Det er ein god prestasjon.