Terminlistene klare for Bergsøy-damene og 6. divisjon

Terminlistene for 4. divisjon kvinner og 6. divisjon menn er klare.

BERGS­ØY-MSIL: Det­te bil­det er frå kam­pen mel­lom laga i fjor haust, ein mål­rik og spen­nan­de kamp som enda 3–3. No mø­tes laga på nytt i se­rie­op­nin­ga. Ida Kval­sund Bruks­ås er BIL-spe­la­ren.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Sport

Bergsøy sitt damelag opnar sesongen borte mot MSIL torsdag 30. april. Deretter ventar sesongens første heimekamp ei veke seinare. Motstandar då er Stranda/Sunnylven.

4. divisjon kvinner blir i all hovudsak spela torsdag kveld, med enkelte unntak. Ettersom det er berre seks lag i divisjonen blir det berre ti kampar per lag. Med hjelp av litt lengre pausar undervegs har ein likevel klart å strekkje sesongen heilt fram til 15. oktober.

Gurskøy-derby 17. juni

I 6. div. er det som kjent med eitt lag frå Herøy og eitt lag frå Sande. Begge har hamna i avdeling 2, ei avdeling beståande av åtte lag frå Søre Sunnmøre.

Gjerdsvika/LGFK2 opnar sesongen borte mot Vartdal onsdag 29. april. Deretter ventar Åmdal heime 6. mai.

Samarbeidslaget Moltustranda/Tjørvåg/Gurskøy opnar mot Sæbø i Tjørvåg onsdag 29. april. Dei vil spele kampar både i Tjørvåg og på Moltu.

17. juni møtast dei to laga i Gjerdsvika, før returkampen går i Tjørvåg 14. oktober. Dette er også sesongens siste kamp.