Rekordavtale for BIL Handball:

Tre nye år med samarbeid

Bergsøy IL Handball og Sparebank 1 Søre Sunnmøre har skrive ein ny treårig samarbeidsavtale.

Tre nye år med samarbeid: Sparebank1 Søre Sunnmøre har signert ny sponsoravtale med Bergsøy Handball. Her ser vi banksjef Henning Karlsen og Nils Christian Nørvåg, styreleiar i BIL Handball.   Foto: Bergsøy IL

Sport

Dett meldar Bergsøy i ei pressemelding på tysdag. Sett utifrå verdi skal dette vere den største BIL Handball nokon gong har signert, og det er ifølgje idrettslaget ein avgjerande avtale for at dei skal kunne halde fram med ei offensiv satsing og bygge klubb og samfunn.

– Ei anerkjenning

Samarbeidet mellom Bergsøy og Sparebank 1 Søre Sunnmøre har gått føre seg dei siste sju åra, eit samarbeid som ifølgje Bergsøy har fungert svært godt.

– At vår generalsponsor forlengjer avtalen med oss i nye tre år ser vi som ei anerkjenning for det arbeidet klubben gjer. BIL Handball ønskjer å vere ein aktiv bidragsytar til å gi små og store i Herøy eit godt og sunt aktivitetstilbod. Vår ambisjon er både å vere ein breiddeklubb på aldersbestemt nivå, og ein toppklubb på senior nivå. I denne satsinga er Sparebank 1 Søre Sunnmøre vår viktigaste støttespelar, og det er nok eit prov på at dei er sitt ansvar bevisst som lokal bank og bidragsytar til eit aktivt lokalsamfunn.

Sparebank 1 Søre Sunnmøre ved banksjef Henning Karlsen seier følgjande om sponsoravtala:

– Sparebank 1 Søre Sunnmøre er glade for å forlenge avtalen med Bergsøy Handball. Vi har vore hovudsponsor sidan 2013 og gler oss til å fortsette det tette og gode samarbeidet. Vi skal vere ei drivkraft for å gjere det betre å bu og virke der vi held til. Å støtte Bergsøy Handball er heilt klart eit viktig ledd i denne visjonen.