Herøy Biljardklubb inviterte til storstilt eliteturnering

Det var godt frammøte og skyhøgt nivå med 19 elitespelarar frå heile landet.

Turneringsdeltakarane: Her ser vi gjengen som tok del i eliteturneringa i biljard denne helga.  Foto: Herøy biljardklubb

  • Resultatliste HBK:
  • Matias Sætre 2.-plass
  • Jan Ove Kvalsund Hansen 9.-plass
  • Henrik Hauge Pettersen 13.-plass
  • Øystein Pettersen 13.-plass
  • Dag Arve Gjerde 17.-plass
  • Jonas Kvalsund Hansen 17.-plass
  • Trond Bendal 17.-plass
Sport

Herøy Biljardklubb har i desse dagar 5-årsjubileum i det flotte lokalet ved MIX-kiosken på Eggesbønes, og kunne etter lange dagar med dugnadsarbeid for å få på plass m.a. tribune for publikum, endeleg arrangere eliteturnering i helga som var. Det var godt frammøte og skyhøgt nivå med 19 elitespelarar frå heile landet, i tillegg til nokre av våre lokale 1.divisjonspelarar. Alle dei frammøtte elitespelarane ligg i toppen av tabellen og mange av dei har representert Noreg fleire gongar i både EM og VM, så vegen til finalerundane synte seg å verte for hard for dei fleste. Frå HBK var det berre Matias Sætre som kom så langt, han vann alle dei innleiande kampane med god margin og var klar for finale søndag. I finalen mellom dei to som per dags dato er ranka som dei to beste spelarane i Noreg, var det Mats Schjetne frå Ask BK som trekte det lengste strået og kunne reise heim med siger i bagasjen etter ei svært vellukka turneringshelg i Fosnavåg.

Finalerivalane: Matias Sætre (t.v.) og Mats Schjetne.  Foto: Herøy biljardklubb

Matias Sætre: 2.-plass

Jan Ove Kvalsund Hansen: 9.-plass

Henrik Hauge Pettersen: 13.-plass

Øystein Pettersen: 13.-plass

Dag Arve Gjerde: 17.-plass

Jonas Kvalsund Hansen: 17.-plass

Trond Bendal: 17.-plass