Arrangørane ber grendene melde seg på romjulscupen:

Vil fremje lokalpatriotisme, samhald og tilhøyrsle

Arrangørane legg opp til kamp mellom grendelaga i Herøy og Sande under årets romjulscup.

Z UNITED: Den­ne gjen­gen vann fjor­å­rets rom­juls­cup. Bak f.v.: Ben Bun­tu, Gus­tav Bjørlykke, Markus Kristiansen, Martin Sø­vik Rø­ren. Fram­me f.v.: An­dre­as Mu­le­lid Kvam, Sami Zemichael, Ei­rik Sundgot Kristiansen.   Foto: Stian Langlo Driveklepp

Sport

Tradisjonen tru blir det romjulscup i Herøyhallen også i år. Påmeldingsfristen er nær, og i den anledning har arrangørane sendt oss dette brevet:

«Jula nærmar seg og Bergsøy IL – Fotball har gleda av å invitere til Sparebanken Møre Romjulscup i Herøyhallen 26. og 27. desember.

Den tradisjonsrike innefotballturneringa vil bli arrangert som vanleg med filtball og 7ar-mål i Herøyhallen. Denne forma for innefotball har vore suksessfaktoren for romjulscup, og har i årevis gjeve oss mange minnerike kampar med høgt tempo, mange mål og stor underhaldningsverdi.

Nytt for året er at vi prøvar oss på ein ny profil der vi ynskjer flest mogleg lag som har tilknyting til grendene i vårt nærområde. Fokuset skal vere å i større grad fremje tilhøyrsle, samhald og lokalpatriotisme til dei ulike små- og store lokalsamfunna på ytre søre Sunnmøre. Vi ser for oss at dette kan føre til mange prestisjetunge lokaloppgjer, der ein gjerne får sjå spelarar som yt litt ekstra når æra til heimstaden står på spel. Vi håpar også dette vil vere populært hjå publikum som gjerne vil halde litt ekstra med sitt «heimelag», kontra meir tilfeldig samansette lag.

Responsen på denne ideen har vore så positiv at vi no også vil presentere den i lokalavisa.

Nokre lag er allereie klare

Sidan påmeldinga opna førre fredag er allereie fleire lag klare, vi kan blant anna nemne:

Remøy: Herøy kommune sin eigen «Fredrik Solvang», Lasse Myrhol, vert stadig meir synleg for den gjengse herøyværing, no for tida, kanskje aller mest som bankmann og debattstyrar på Facebook. Men han er heller ikkje tung og be når det kjem til fotball; dei mest sportsinteresserte har kanskje fått med seg at han er primus motor for 7ar-laget til Bergsøy som vart kretsmeistrar denne hausten. No har den utflytta remøyveringen etter sigande samla spelarar frå heile Remøya. Så spørst det om den meir profilerte storebror-Myrhol har skaffa seg Autopassferjekort og kjem heim i tide til turneringsstart.

Gursken: Innefotballbygda framfor nokon har fostra ei imponerande rekkje fotballspelarar i fotspora til Jan Aage Fjørtoft. Den neste utanlandsproffen har late vente på seg, men når dei lokale heltane kjem under taket i Herøyhallen, ja då skin dei verkeleg. Karar som Anders Vaagen, Johnny Moltubakk og Preben Sætre har verkeleg sett sitt preg på Romjulscupen i mange år, og er nærast som spesialistar å rekne når det kjem til filtball og småbanespel. Så ventar vi i spenning på om «Sandes beste» vert utfordra av dei andre bygdene i kommunen, vi håpar både Larsnes og Gjerdsvika etter nokre års fråvær vil stille lag og gje naboen kamp om den tittelen.

Gur­sken: Gurs­kin­ga­ne har all­tid stilt sterkt i rom­juls­cu­pen, og vann tur­ne­rin­ga i 2017. I fjor gjekk det der­imot litt trå­are, men ar­ran­gø­ra­ne har sto­re for­vent­nin­gar til Gur­sken i år.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Kvalsvik: Bergsøykaptein Daniel Jøsok Kvalsvik går naturleg nok i front for dette laget. Han har samla det beste bygda har å by på fotballmessig, til eit hardtarbeidande kvalsviklag. Daniel er ein taktikar, og vil vente i det lengste med å avsløre kven som er tekne ut på laget, men ryktet seier at gjengen ligg i hardtrening, og skal vere klare for å kjempe knallhardt for heimbygda si.

Leine: Leinebygda har dei seinare åra hatt stor tilflytting, og etter det vi veit så vil også laget på romjulscup nyte godt av det. Det er nemleg ein tilflyttar som har meldt på laget; Lars Conradi Andersen. Han er ein erfaren ringrev i innefotball-samanheng, som no har nytta sitt store kontaktnettverk til å samle det beste av tilflyttarar og innfødde på Leinane. Det som er heilt klart er at det her dannar seg konturar av eit storlag, dette blir nok eit godt døme på kor finke leinebygda er til å inkludere nytilflyttarar.

Fleire bygdelag har lag på gang

Dette er berre ein liten smakebit på dei mange fargerike laga vi håpar å samle i Herøyhallen i romjula. Elles kan vi nemne at vi har teke imot gode signal frå mange bygder, og at blant anna lag som: Tjørvåg, Moltu, Frøystad/Røyra, Runde og Kvalsund, tek form og nærmar seg påmelding. Eit lite usikkerheitsmoment er Bergsøya, samt Bø/Sande/Torvik og Leikong/Myrvåg/Dragsund-området, der har det vore merkeleg stille når vi har sondert og lodda stemninga. Men vi håpar dette kjem seg så vi snart får påmeldingar også derifrå.

Det er ingen formelle reglar for kven som kan spele på kva lag, bere ei positiv oppmoding til å danne lag med lokal tilknyting, slik at dei fleste grendene i nærområdet vert representerte. Elles er også venelag, eller andre grupper også hjarteleg velkomne!

Spør ein ven, nabo eller kollega om han/ho vil vere med på Sparebanken Møre Romjulscup! Og om du ikkje kan spele så håpar vi du kjem og vil vere med som tilskodar. Det vert kiosksal heile turneringa.»

Helsing

Arrangørkomité

Sparebanken Møre Romjulscup 2019