Vanylven FK tapte OBOS-cupfinalen

Sport

Onsdag kveld vart endeleg finalen av den nye turneringa OBOS-cup spela. Vanylven kvalifiserte seg som kjent til finalen, då dei slo ut lokalrival Larsnes/Gursken i semifinalen. I finalen venta eit anna 4. divisjonslag, nemleg Rollon.

Divisjonsskilnaden til trass, det var Vanylven som tok leiinga i kampen etter berre fire minutt. Rollon-keeper Isak Moen Endal var siste mann på ballen. 13 minutt seinare slo derimot Rollon tilbake, då Ole Henrik Eriksen utlikna. 1–1 var også resultatet ved pause.

Men i andre omgang tok Rollon over kommandoen i kampen, og etter ei straffescoring frå Andreas Blindheim i det 56. minutt var dei også i leiinga. Like før slutt fastsette Daniel Gjerde resultatet til 3–1. Uansett ein sterk sesong av VFK, som neste år er i 5. div.