Ny kontrakt til både Helsem Hoff og Skorpen

Frank Sverre Skorpen og Anders Helsem Hoff held fram som trenarar for høvesvis Bergsøy og Larsnes/Gursken. Begge har signert kontrakt ut 2020-sesongen.

KLA­RE FOR NYE DU­ELLAR: Lars­nes/Gur­sken-tre­nar An­ders Hel­sem Hoff (t.v.) og Bergs­øy-tre­nar Frank Sver­re Skor­pen har forlenga sine avtalar ut sesongen 2020. Dermed blir det nye duellar mellom dei to herøyværingane, som elles er gode kameratar utanfor bana.   Foto: Stian Langlo Driveklepp

Sport

Både Larsnes/Gursken og Bergsøy leverte gode sesongar i 4. divisjon i år, og det er derfor ingen stor overrasking at dei to lokale fotballflaggskipa no vel å forlenge avtalane med sine hovudtrenarar.