To Bergsøy-talent med på Team Møre

Sport

Bergsøy-spelar Bendik Frøysa er mellom talenta som har fått plass i troppen til Team Møre G14 si komande samling på Kyrksæterøra. Samlinga finn stad komande helg.

Også i G15-klassa har Bergsøy fått med ein spelar, nemleg Vegard Håheim Elveseter. Midtbanespelaren som denne sesongen slo gjennom for Bergsøy sitt A-lag. Begge fylkeslaga skal møte NFF Trøndelag til kamp.