Bergsøy-juniorane nærast som vanleg til topps i Førde Cup. Men fleire lag imponerte:

Gulljubel for Tjørvåg/Gurskøy J16

Fleire lokale lag deltok på Førde cup i helga, og tradisjonen tru gjekk Bergsøy-juniorane heilt til topps.
Sport

Bergsøy-juniorane (G19) var heilt uslåelege i årets turnering, og vann alle dei sju kampane under turneringa. I finalen vart det til slutt heile 6–0 over Bergen Nord.

Eit av laga som måtte gje tapt for herøyværingane var samarbeidslaget Gjerdsvika/LG 2. Etter tre strake sigrar i gruppespelet, vann sandssokningane 2–1 over Anga i kvartfinalen. Dermed var dei sikra billett til semifinalen, der lokalrival Bergsøy var motstandar. Men herøyværingane var klart best, og vann 4–0. Gjerdsvika/ LG 2 enda til slutt på 4.-plass, etter å ha tapt bronsefinalen mot Førde.

BERGS­ØY G19: Bergs­øy-ju­ni­o­ra­ne vann nok ein gang A-slutt­spe­let.   Foto: Bergsøy IL

Men det var ikkje berre i G19-klassen lokale lag leverte ein flott innsats. Mellom anna har vi fått innsendt følgjande frå jentelaga i indre Herøy.

Tjørvåg/Gurskøy J16 tok gull

Etter eit solid gruppespel der jentene var tredjebest av 3.-plassane gjekk dei rett til semifinalen i B-sluttspelet.

Motstandar i semifinalen var Bergen Nord. Jentene scora tidleg og hadde full kontroll.

Finalemotstandar var Hovding frå Bergen. Hovding scora midt i den 13 minutts lange kampen. Men jentene heldt fram med sitt spel, og det gav resultat då vi utlikna til 1–1 etter eit flott langskot av Amelie Lillerovde. Det var også resultatet ved fulltid, og dermed vart det ekstraomgang med «Golden goal». Her vart det heller ikkje mål, og dermed skulle kampen avgjerast på straffespark. Dei to fyrste straffesparka gjekk i mål for begge lag. Men når Hovding bomma på det tredje og siste straffesparket sitt hadde vi «matchball». Siste straffa gjekk inn og jentene kunne sleppe jubelen laus!

TJØR­VÅG/GURSK­ØY J16: Bak f.v.: Bjørgunn Mol­tu, Victoria Johansen Jø­sok, Ame­lie Lil­le­rov­de, Nora As­pe­vik, In­ge­borg Sporstøl og Mar­the Drag­sund. F.v.: Hanna Ljo­te­bø-Kro­kå, San­na Hol­stad, No­el­le Lil­le­rov­de, Iril Klep­pe Leik­an­ger og tre­nar Gø­ril Aur­våg­lid Ram­stad.  Foto: Evy Anita Storøy

J13-jentene frå Moltustranda, Tjørvåg og Gurskøy var for aller fyrste gong med på denne cupen. Dei stilte i klassa 14 år.

Etter flott innsats kom jentene til semifinalen i B-sluttspelet der dei måtte gi tapt for Jølster.

MOL­TU/TJØR­VÅG/GURSK­ØY J13: Bak f.v.: Lag­lei­ar Ås­mund Eide, Oda As­pe­vik, Nao­mi Klep­pe­strand, Ida-Mari Leik­an­ger Sande, tre­nar Kareema Wiig og tre­nar Jan Rune Dahlsøren. F.v.: Hanna Lil­le­nes, Edith Løv­øy, Sel­ma Eide-Stor­øy, Ise­lin Løv­øy og El­vi­ra Syd­ha­gen Dals­øren.  Foto: Evy Anita Storøy

Gjerds­vi­ka-jen­ter: Gjorde ein flott innsats i Førde Cup, men måtte gje tapt med 2–3 for Førde 2 i kvartfinalen i B-sluttspelet.   Foto: Gjerdsvika IL/Facebook