Bergsøy hadde grei kontroll mot Strindheim, men…

- Vi blir litt hissige på grauten

Bergsøy hadde respektabel kontroll då dei utkonkurrerte eit gjestande Strindheim i Herøyhallen søndag, men slurvefritt var det på ingen måte.
Sport

I starten av fyrste omgang var det Bergsøy som utvilsamt var sterkast. Dei spela raskt og offensivt i angrep, og Strindheim lukkast ikkje i forsvarsspelet sitt. Det gjorde derimot Bergsøy, til tider svært godt. Eit kontringssterkt Bergsøy leia på det meste med sju mål dei fyrste 15 minutta. Strindheim let seg likevel ikkje skremme av eit dominerande heimelag, og gjorde ei litt skummel opphenting då det stod att ti minutt av fyrste omgang. Bergsøy slurva då både på offensiven og i bakkant, noko som resulterte i at det etter om lag 24 minutt var berre eit mål som skilde laga. Men Bergsøy klarte å disiplinere seg før dommaren bles i fløyta for pause, og fekk auka måldifferansen igjen. Stillinga stod då 18-14 til heimelaget.