Bergsøy tapte seriefinalen mot Volda:

– Kan vere nøgde med sesongen

Bergsøy leverte ein bra prestasjon, men klarte ikkje å stå i mot eit aggressivt Volda-lag. Dermed er Lars-Petter Rønnestad og Volda årets vinnar av 4. divisjon Sunnnmøre.

VOLDA KUNNE JUBLE: Volda-spelarane feirar scoring, medan Thomas Sætre Hauge deppar.   Foto: Skjermdump frå direktesendinga

Sport

Volda og Bergsøy har vore dei klart beste laga i 4. divisjon denne sesongen, og dermed var det duka for ein skikkeleg seriefinale då laga møttest i Volda fredag kveld. Men Bergsøy, som måtte vinne denne kampen, fekk ein dårleg start, og det var berre spela fire minutt då Volda sin storscorar Robert Mathias Dahlberg nikka inn 1-0. Ikkje lenge etter auka Håkon Haugen til 2-0, og alt tyda på Volda skulle cruise mot opprykkskvalifiseringa.