Hødd 2 – LGFK:

Vi sender bortekampen direkte fredag kveld

Fredag kveld klokka 18.30 sender vi kampen mellom Hødd 2 og Larsnes/Gursken direkte på vestlandsnytt.no.

Arkivfoto   Foto: Stian Langlo Driveklepp

Sport

Kampen vert kommentert av journalist Stian Langlo Driveklepp. Vi vil starte sendinga litt før avspark.

Første gang

Dette vert Vestlandsnytt sitt fyrste forsøk på å direktesende og produsere ein fotballkamp på eiga hand, noko vi også tek sikte på å gjere meir i tida som kjem. Med tanke på at dette er fyrste sending tek vi eit lite atterhald om at det kan oppstå tekniske utfordringar, men vi reknar sjølvsagt med at det heile skal gå saumlaust føre seg.

Ikkje abonnent?

Kampen vil sendast bak betalingsmur, og ein må vere Vestlandsnytt-abonnent for å sjå han. Er du allereie abonnent, men har enno ikkje ordna deg tilgang til nettavisa, oppmodar vi om at de tek kontakt i kontortid torsdag eller fredag før kampen så alt er i orden før avspark. Du kan sende ein e-post til abonnement@vestlandsnytt.no eller ringe oss på 700 84 400.