Kampen starta i favør for sandssokningane då LGFK reiste til Skarbøvik stadion torsdag kveld. Kveldens fyrste scoring var det nemleg Martin Haanes som stod for, med eit fint langskot i det elleve minutt var spelt. Ut over omgangen bølga det litt fram og tilbake, med sjansar for begge lag. Det blei derimot ikkje fleire mål for korkje heime- eller bortelag før pause, og Anders Helsem Hoff sitt mannskap leda høvesvis fortent.
Uavgjort for LGFK mot tabellnaboen:
- Det er greitt, men no skal Ørsta få svi
Larsnes/Gursken leverte ein bra førsteomgang og låg ann til å sigre på bortebane torsdag kveld, men SIF/Hessa utlikna i det 75. minuttet.
Illustrasjon Foto: Stian Langlo Driveklepp
Sport