Handballdamene tapte sesongpremieren:

– Ein typisk førstekamp

Det gjekk ikkje heilt vegen for Bergsøy sine handballdamer då dei opna sesongen heime mot Utleira 2 laurdag kveld. Gjestane var hakket meir samspelte, og tok med seg ein 26-24-siger heim til Trøndelag.
Sport

– Vi har eit nesten heilt nytt lag, så dette var ein typisk førstekamp. Vi gjer ein del feil i angrep, noko som kjem av at vi manglar flyt i angrepsspelet. Men det er også naturleg sidan spelarane ikkje kjenner kvarandre så godt endå.