Larsnes/Gursken forsterkar med to

Larsnes/Gursken rustar opp mannskapet før dei avgjerande kampane i haust, og har no signert den ettertrakta Hasundgot-spelaren Sebastian Moldskred Kleven, samt tidlegare Hareid-spelar Robin Jackson Indreflø.
Sport

– LGFK er glade for å ønske Robin Jackson Indreflø og Sebastian Moldskred Kleven velkomen til klubben. Robin har ei fortid i Hareid og har allereie fått sin debut i LG-trøya som høgrekant mot Emblem sist, der han viste at han kjem til å verte ein viktig brikke for oss i haustsesongen, der målet er å sikre plassen, heiter det i ei pressemelding frå Larsnes/Gursken torsdag.

Sebastian Moldskred Kleven melder overgang frå Hasundgot i 5. divisjon. Der har han 41 scoringar på 61 kampar.

– Etter ein sommar med mange fråfall var det nødvendig å fylle på stallen i dei offensive rollene. Robin og Sebastian er i så måte to nødvendige signeringar, men det er også to spelarar som klart forsterkar oss, seier LGFK-trenar Anders Helsem Hoff.

Larsnes/Gursken mista ein del spelarar i sommar, men sandssokningane meiner at dei skal stå godt rusta til sesongens siste kampar etter dei to signeringane.

Både Moldskred Kleven og Jackson Indreflø er venta å bli involvert i fredagens heimekamp mot Rollon.