Pijus Marcinkevicius returnerer til Bergsøy!

Bergsøy hentar heim stortalentet Pijus Marcinkevicius etter eit halvt år i Hødd.

TILBAKE: Ein storfornøgd Frank Sverre Skorpen ønskjer Pijus Marcinkevicius velkomen heim til Bergsøy.  Foto: Bergsøy Fotball

Sport

Bergsøy er svært glade for å kunne melde om at Pijus Marcinkevicius har signert for klubben igjen. Pijus gjekk til Hødd før årets sesong, men den talentfulle syttenåringen har bestemt seg for å vende heim og fortsette karrieren i Bergsøy, melder Bergsøy i ei pressemelding måndag.

Pijus, som har aldersbestemte landskampar for Litauen, har gått gradene i Bergsøy. Han slo gjennom for A-laget førre sesong, og var ein av dei mest sentrale spelarane i laget som kniva heilt til siste serierunde om opprykksplassen.

Den gjekk til Aalesund 2, men i år er Bergsøy med i opprykkskampen endå ein gong.

– I Pijus får vi ein solid spelar med gode haldningar som passar perfekt inn i vår unge spelargruppe. Med han på plass vil laget og troppen vere betre rusta i kampen om sigeren i 4. divisjon, seier hovudtrenar Frank Sverre Skorpen.

Marcinkevicius er elles ikkje ukjend med stoda i årets 4. divisjon. Han har nemleg 14 kampar og to scoringar for Hødd 2. For Hødd sitt A-lag fekk han derimot aldri sjansen.

Pijus har i første omgang signert ein kontrakt ut årets sesong, og er speleklar til Bergsøy sin heimekamp mot Valder komande fredag.


Stortalent på veg til Hødd

Stortalentet Pijus Marcinkevicius ser ut til å vere ferdig i Bergsøy. Alt tyder på at den litauiske U17-landslagsspelaren går til rivalen frå Ulsteinvik.