Bergsøy på tabelltoppen etter viktig bortesiger – fekk hjelp av SIF/Hessa:

- Heilt ypparleg!

Med bortesiger mot Norborg/Brattvåg 2 og uavgjort mellom Volda og SIF/Hessa, kan Bergsøy juble over at dei no ligg på toppen av tabellen.

Målscorarane: F.v. Franjo Tepuric, Trym Rekkedal og Magnus Myklebust.  Foto: Ingrid Beate Smådal Hide

Sport

Fredagens bortekamp mot Norborg/Brattvåg 2 fekk ein upåklageleg start for Bergsøy sitt vedkomande. Klokka viste berre åtte minutts speletid i det Trym Rekkedal signerte fyrste målet for Bergsøy i pøsregn på Uggedal stadion. Men regnvêret stoppa ikkje målhungrige Bergsøy-spelarar. Etter 28 minutts speletid kom Roald Runde med eit godt oppløp, sentra til Magnus Myklebust og 2-0 var eit faktum mot tabellnaboen. Som om ikkje Norborg/Brattvåg 2 hadde fått nok mål mot seg i fyrste omgang, sendte Franjo Tepuric ei siste pausegåve til heimelaget berre sekund før fyrste omgang var overstått. 3-0 til Bergsøy.