Full rulle i Fosnavåg 30. og 31. august

Slik vert aktivitetshelga

30. og 31. august brakar det laust med aktivitetshelg i Fosnavåg.

Klare for aktivitetshelg: Maria Sporstøl Leine (butikkgruppa), Jan Erik Myrseth (Intersport), Eldar Lillerovde (Intersport) og Marvin Kopperstad (Explore Fosnavaag). Foto: Josefine Spiro 

Sport

Ti år etter at Allmenningstorget opna i Fosnavåg, vert det nytta til liv og røre for n’te gong til helga. Og ikkje berre der. Explore Fosnavaag har fått med seg mange aktørar i samarbeidet om å leggje til rette for årets sprekaste dag i Fosnavåg.

Byløpet

I fjor deltok om lag 110 vaksne på det populære byløpet som gjekk frå paviljongen i sentrum til toppen av Hornseten. Av desse sprang/gjekk 80 i mosjonsklassen, medan 30 melde seg på elite. I tillegg sprang ein heil haug med elleville barn ei runde i sentrum.

Byløpet 2018: Over hundre personar melde seg på Byløpet i Fosnavåg i fjor. Her ser vi deltakarane i mosjonsklassa setje ut frå start. Foto: Bjørnar Torvholm Sævik  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

 

Arrangørane, Jan Erik Myrseth og Eldar Lillerovde i Intersport Fosnavåg, håpar sjølvsagt at årets løp skal bli like suksessrik og at det skapar like mykje engasjement som det gjorde i fjor - både mellom dei som deltek, dei som følgjer med frå festivalteltet på rådhusplassen, dei som strøymer løpet på vestlandsnytt.no og dei som heiar frå sidelinja.

– Mange trur at ein skal vere i utruleg god form for å delta, men ein kan gjerne gå heile løypa om ein vil, seier Jan Erik Myrseth.

– Og foreldre som har meldt seg på i mosjonsklassen kan gjerne ta med barna sine, skyt Eldar Lillerovde inn.

– Det var dessutan veldig kjekt i fjor, då det stod masse folk frå mosjonsklassa på toppen og tok imot elitespringarane, seier Myrseth.

Arrangørane oppmodar elles publikum til å plassere seg rundt omkring i løypa for å heie på dei som spring.

– Det er ganske rått å sjå nokre av desse «superkarane» springe full gass i 30 graders helling, seier Myrseth.

Meny Fosnavåg serverer gratis pølser og drikke til alle som deltek.

Heile byløpet vert sendt direkte på vestlandsnytt.no og i festivalteltet på rådhusplassen.

Gjeve premiar

Det vert delt ut premiar både i elite- og mosjonsklassen.

Elite (dame/herre):

1.-plass: 2500 kr

2.-plass: Gåvekort á 200 kr på Intersport og middag på Thon Hotel Fosnavåg

3.-plass: Gåvekort à 300 kr på Intersport

Mosjon:

1.-plass: Middag for to på Thon Hotel Fosnavåg

2.-plass: Tursekk frå Intersport

3.-plass: Gåvekort hos Sofram Takeaway & Catering.

RIB-turar og kajakk

Det står ikkje fullt så mykje på årets program som det gjorde i fjor, men det er kanskje like greitt, då det vart litt «for mykje» å velje mellom.

– Då testa vi ut mykje for å finne ut kva folk ville ha og kva som fungerte, seier medeigar i Explore Fosnavaag og marknadsansvarleg for aktivitetshelga Lene Moen Karlsen.

Blant dei aktivitetane som gjekk særs godt i fjor, var RIB-turar med Havopplevelse og guida kajakkturar med Valldal Naturopplevingar ved Erlend K. Ringstad. I år er det Joakim Eiksund frå Herøy Kajakklubb som vil ta padlarane med på guida tur ut i havgapet.

– Det vil gå RIB-turar og kajakkturar frå hotellet både fredag og laurdag, informerer dagleg leiar i Explore Fosnavaag, Marvin Kopperstad.

Rebus og langope butikkar

Butikkgruppa i Fosnavåg er sjølvsagt også samarbeidspartnar. Fredag ettermiddag set dei opp hoppeslått på paviljongen, som blir ståande laurdag med. I tillegg arrangerer butikkane rebusløp.

– Det går ut på å finne bokstavar i butikkane og setje dei saman til eit ord. Ein kan hente og levere skjema på Marias Mote. Det vert fleire premiar, seier Maria Sporstøl Leine.

Butikkane har dessutan utvida opningstider både fredag og laurdag.

Action i teltet

Fredag kveld arrangerer Sparebank 1 Søre Sunnmøre quiz i festivalteltet på rådhusplassen.

Der vert det også liv laurdag ettermiddag og kveld når Liverbirds syter for framsyning av tre Premier League-kampar.

Fleire aktivitetar i sentrum

Elles i sentrum denne helga vert det bumperballs i parken (HerøyLAN), «aktivitetsbasseng» med spennande ting frå havet på paviljongen (Herøy dykkarklubb), bilutstilling med Aaland bil og båtutstilling med Automarine Fosnavåg på Rådhusplassen. Stiftinga Embla Kvinneskipet Ro for Fred inviterer publikum til Slippen der ein kan sjå skipet i tillegg til at dei arrangerer loppemarknad.