Erik Herman Ruud Helgesen er 16 år, og er ein veldig lovande bakspelar med eit tungt skot, heiter det frå Bergsøy, som omtalar Ruud Helgesen som ein lærevillig spelar. Han kan spele i fleire posisjonar på bana.

Petter Hovde Vinje er 17 år, og er ein keeper med stor rekkevidd, og vil raskt danne eit flott målvaktspar saman med Oddvar Johan «Oddi» Roseth, skriv Bergsøy om den andre signeringa.

Begge to var med då Bergsøy banka Kristiansund i cupen førre veke, noko som betyr at Bergsøy skal møte gamleklubben til gutane i neste runde. Kampen mot Spjelkavik går i Ålesund onsdag 28. august.