– I førre veke hadde vi oss fem gode dagar i Basildon i England der vi fekk ei skikkeleg god treningsøkt. Forma til spelarane ser ut til å vere fin. Dette lovar bra.

Det seier ein nøgd Bergsøy-trenar, Frank Sverre Kopperstad Skorpen, til Vestlandsnytt få dagar før sesongen sparkast i gong på bortebane fredag. Då set spelarane seg i bussen og reiser til Hareid for å måle krefter mot troppa til Kenneth Moldskred.

– Hareid er tøffe dei, og dei er kjende for å sleppe inn lite mål. Så dette er ei utfordring vi tek på alvor, seier Skorpen om motstandarlaget i sesongopninga.

Likevel trur Skorpen sigeren er innanfor rekkevidd etter å ha sett sine eigne spelarar i aksjon på trening.

– Vi fekk ei kjempeavslutning mot Hødd før sommaren og denne sigeren har gitt oss driv inn mot den komande sesongen, seier ein optimistisk Bergsøy-trenar.

– Men, vi tek kamp for kamp, legg han til.

Benjamin Helsem Leine tilbake

I likskap med LGFK har også Bergsøy mista nokre spelarar som skal ut og studere.

– Både Espen Langlo Driveklepp og Jakob Nerland skal gå skule i Australia, så desse blir ikkje å sjå på bana den komande sesongen.

– Men når det er sagt har vi også fått tilbake spelarar. Benjamin Helsem Leine, ein sterk midtstoppar og back, er tilbake på laget. Han blir ei bra forsterking. Thomas Skar vert også å sjå på bana, ei allsidig potet vi kjem til å god nytte av, seier Skorpen.

Magnus Myklebust er også snart klar igjen, og det er lite skade å rapportere om.

Skorpen kan elles opplyse om at han ynskjer å styrke stallen ytterlegare og at han for tida ser på nokre namn. Meir vil han derimot ikkje avsløre på dette tidspunktet.

– Meir offensive

Skorpen rakk å få sin debut som hovudtrenar rett før sommaren, og vi fekk då allereie ein smakebit på trenarstilen hans. No forklarar kan korleis han håper å sette sit preg på laget.

– Vi skal halde fram med den gode utviklinga, men de vil kanskje sjå eit lag som satsar endå meir offensivt. Det siste halvåret har vi blitt veldig sterke bak, og eg trur det framover blir viktig å presse høgare i bana og skape kortare veg til mål.