- Basert på det som skjedde utpå her i dag, er det ingenting å seie på at det enda uavgjort. Men akkurat no er eg litt skuffa.

Det sa LGFK-trenar Anders Helsem Hoff umiddelbart etter at 0-0-oppgjeret på Larsnes stadion var over.

Hoff meiner LGFK generelt har hatt vanskar med å kome i gang i årets serie. Sjølv i kalassigeren borte mot Ørsta skjedde det.

Og det skjedde fredag kveld. Hareid kom best i gang. Fem minutt ut i kampen var det nummeret før gjestane tok leiinga. Etter kvart kom heimelaget betre med, og Karl Gerhard Bringsvor tok fint ned eit innlegg frå Christoffer Brune Rekdal åtte-ti meter frå mål. Avsluttinga vart svak.

Mot slutten av omgangen hadde begge lag nokre brukbare moglegheiter, men begge lag såg ut til å vere vaksinerte mot gode avsluttingar denne kvelden.

12 minutt etter pause hadde Hareid ein kanonsjanse, men ei kjemperedning frå heimekeeper Ståle Pettersen hindra scoring.

"Hareid-løvene"

Det var ein til tider tøff kamp med høgt tempo, der Hareid aldri let LGFK-spelarane dvele med ballen særleg lenge. Taktisk og godt gjort av Hareid, som også trekte mykje folk bakover når sandssokningane var i posisjon. Det vart små rom for heimelaget sine spelarar.

Hareid var anført av Ruben-Kenneth Brandal som ein leiar i løveflokken. Det var interessant å sjå duellane mellom han og Brune Rekdal. Heller ikkje i brødreduellen mellom Daniel Skare Haanes (Hareid) og Martin Haanes (LGFK) vart det lagt noko imellom.

Det var noko halvhjarta og tannlaust over heimelaget sitt angrepsspel.

Og så ebba det ut, mållaust. Tradisjonen med at LGFK har vanskar med å takle Hareid, lever dermed vidare.

- Vi fortente ikkje noko meir i dag, men hadde vi synt Hareid sin innsats, ville vi ha vunne, hevdar trenar Hoff. Han tek likevel med seg poenget vidare som eit lite pluss.

Målet til LGFK er i fylgje trenaren framleis å stå i divisjonen, sjølv om LGFK i det siste har vore eitt av dei store formlaga i divisjonen, - og av fleire har vore tippa mellom topp fire-fem når sesongen er over. Sesongen er lang, og kvart einaste poeng tel.