– Med unntak av keeperen deira har eg anten spela saman med – eller vore trenar for – alle spelarane deira.

Det seier Bergsøy-trenar Tommy Malins då vi møter han til ein prat om fredagens møte med gamleklubben Volda. Han ler litt medan han seier det, ettersom Volda-målvakt Harry Andrew Brooks også er engelskmann. Men landsmannen er altso den einaste Volda-spelaren Malins ikkje veit alt om.

– Det er klart at eg kan bruke det til min fordel. Men det blir ikkje enkelt. Volda har eit styrka samhald denne sesongen, og det er tydeleg at Lars-Petter (tidlegare Bergsøy-trenar Rønnestad, red.mrk.) har gjort mykje riktig. Spesielt Stian (spissen Moe Finnøy, red.mrk.) har vore i kjempeform, seier Bergsøy-trenaren.

Det er merkbart i praten med Malins at han konsekvent bruker berre fornamn når han snakkar om spelarar og andre involverte i Volda-fotballen. Kanskje ikkje så rart, då det var gjennom innsatsen i Volda Malins blei eit kjend namn i sunnmørsfotballen.

– Volda var min første klubb i Norge. Eg hadde fire flotte år i Volda, der eg vel også hadde alle moglege oppgåver. Eg har eit godt forhold til alle i Volda, og har mykje respekt for dei. Eg skuldar dei mykje, men ikkje tabelltoppen, smiler Malins.

– Men eg tenkjer ikkje så mykje på at det er Bergsøy mot Volda. Mitt fokus er på at dette er toppkampen, og vinn vi den, då tek vi også tabelltoppen. Den vil vi ha før sommaren, seier Bergsøy-sjefen.

Manglar fleire spelarar

Tommy Malins fortel om gode treningar, men få spelarar, i dagane før fredagens toppkamp. Både han sjølv og assistenttrenar Frank Sverre Skorpen er skada, og må nøye seg med ein plass på sidelinja fredag.

I tillegg er Magnus Myklebust framleis skada, og den rutinerte angrepsspelaren er tidlegast tilbake i august. Espen Langlo Driveklepp er på betringas veg, men framleis ikkje speleklar etter sjukdom. Samanlikna med Ørsta-kampen førre veke, er også Petter Aasen (karantene), Benjamin Leine (militæret) og Stian Zahl ute for Bergsøy.

– Vi har involvert spelarane for å finne ei løysing. Og vi har ein plan, sjølv om den er litt risikabel, seier Malins.

– Må hindre at dei får kampen inn i sitt spor

Bergsøy-trenaren trur lærdomen frå treningskampen mot Volda like før sesongstart (tap 1-2), og hans gode kjennskap til Volda blir viktig i kveldens kamp.

– Vi veit at Volda er fight, fight, fight. Derfor veit vi også at vi må hindre at dei får kampen inn i sitt spor. Klarer vi ikkje det, så vil nok våre unge spelarar få problem, seier Malins.

– Men planen er at vi skal spele på våre styrker, avsluttar ein optimistisk og spent Tommy Malins.