SIF/Hessa har berre tapt ein heimekamp denne sesongen, og ålesundarane skulle vise seg å bli ei tøff oppgåve også for Bergsøy. Alt tyda nemleg på at laga kom til å dele poenga då kampuret viste 81 minutt. Men så dukka kaptein Daniel Jøsok Kvalsvik opp og ordna 1–0. Like etter sette Franjo Tepuric inn 2-0, og plutseleg hadde Bergsøy sigeren i lomma. Men SIF/Hessa gav ikkje opp, og like før fulltid reduserte spissveteranen Nils Ottar Sandø til 1–2. Men nærmare kom ikkje heimelaget, og Bergsøy kunne juble for tre nye poeng.

– Bomma med spelestilen

Men dei tre poenga var også alt Bergsøy-trenar Tommy Malins var fornøgd med etter kampen.

– Dette var ikkje ein god kamp. Vi klarte ikkje å spele spelet vårt, vi sleit med gjenvinning og vi var svake i presset. Prestasjonen var ikkje god, seier Malins.

Han tek derimot litt sjølvkritikk.

– Vi gjorde nokre forandringar i spelestilen vår til denne kampen. Det skulle vi ikkje gjort, for vi bomma med spelestilen, seier engelskmannen.

– Men samtidig er SIF/Hessa eit tøft lag å spele mot. Det kunne fort enda med uavgjort i denne kampen, og det hadde dei nok fortent, meiner Malins.

Rosar unggutane

Etter kampen vel han å rose unggutane Vegard Håheim Elveseter og Kristoffer Dalstrøm.

– Vegard har vore litt på nedgåande kurve i det siste, og vi valde å starte med begge på benken. Men etter pause kom dei inn, og dei var viktige bidragsytarar for at vi klarte å snu kampen, seier Malins.

Bergsøy-trenaren er elles glad for å sjå at det byrjar å lysne på spelarfronten.

– Vi har mange på veg tilbake frå skade, mellom anna spela Fredrik Muren sin første A-kamp på snart eitt år mot SIF/Hessa. Vi har også fått inn Martin Falkanger til dei siste vårkampane, og har no spelarar å velje mellom. Kanskje eg kan gå tilbake til å leie laget frå sidelinja no snart, ler Malins.

Ørsta borte

I neste kamp (fredag 21. juni) tek Bergsøy turen til Aurstad Arena i Ørsta. Dette er andre gong Bergsøy tek turen til arenaen i år, og Malins hugsar at det var ein tøff kamp då laga møttest i NM-kvaliken i mars.

– No er det mykje som har forandra seg sidan då, men det blir ikkje enkelt denne gongen heller. At dei er nest sist betyr ikkje at dei er dårlege, noko dei viste med å spele 2–2 borte mot Norborg/Brattvåg 2 denne runden, seier Malins om laget som i sin førre heimekamp tapte 0–7 for Larsnes/Gursken.

Malins innrømmer at han også har byrja og sjå fram mot toppkampen mot Volda fredagen etter. Laga har distansert seg frå dei andre i 4. divisjon, då det er sju poeng frå Bergsøy på 2.-plass til Valder på 3.-plass. Bergsøy har 20 poeng, medan Volda har 22 poeng etter åtte kampar.

– Sjølvsagt vil vi forbi, men kvar gong vi vinn, så vinn også dei. Men når Volda gir frå seg poeng, då skal vi vere klare, avsluttar Malins.