Onsdag kveld gjekk ei amputert runde av stabelen i 6. divisjon.

Tjørvåg såg seg nemleg nøydt til å avlyse lokaloppgjeret mot Gjerdsvika/LGFK 2, då dei ikkje kunne stille lag. Tjørvåg opplyser at ny kampdato er 26. juni.

På Havila stadion Fosnavåg blei det derimot spela kamp. Her tok gjestane frå Sæbø leiinga med både 1–0 og 2–0 før halvtimen var spela, men Bergsøy fekk inn ei viktig redusering før pause ved Fredrik Muren.

I andre omgang tok Bergsøy-reservane over kontrollen på kampen, og då klokka viste 65 minutt hadde herøyværingane snudd kampen til 4–2. Markus Kjelsli Ihle (2) og Truls Solvang Ristesund stod for scoringane.

Sæbø reduserte like etter, og gjorde eit tappert forsøk på å få med seg poeng, men det var ikkje ufortent då Thomas Leikanger Skar fastsette sluttresultatet til 5–3 på overtid.

Vi legg merke til at både Fredrik Muren og Sondre Nygård Olsen er tilbake frå skade for Bergsøy, samt at Martin Falkanger har returnert til klubben på lån i sommarferien.

MAR­TIN FALK­AN­GER: Tommy Malins av­vi­ser ik­kje at Falk­an­ger blir å sjå for før­s­te­la­get. Herøyværingen har dei siste åra spela for Bergenslaget Ny-Krohnborg, som førre sesong spela i 4. divisjon i Hordaland. Foto: Stian Langlo Driveklepp

Bergsøy 2 har elles kome seg opp i 15 poeng, og er no tre poeng bak serieleiar Åmdal, som onsdag tapte 2–3 for Vartdal.

Åmdal-tapet er elles godt nytt for Vanylven, som også er tre poeng bak. Dei møter Ørsta 2 på bortebane fredag. Med Vanylven-siger her vil både Åmdal, Vartdal og VFK ha 18 poeng.

Siste runde før sommaren går onsdag 19. juni og då spelast kampane Sæbø – Tjørvåg, Åmdal – Bergsøy 2, Vanylven – Flø og Gjerdsvika/LGFK 2 – Ørsta 2.

BERGSØY 2 - SÆBØ: Her ser vi Kristoffer Dahlstrøm i ein duell. Foto: Stian Langlo Driveklepp