Sjølv om Bergsøy har vunne begge kampane mot Emblem dei to siste sesongane, har kampane mellom Bergsøy og Emblem ein tendens til å vere jamspelte, og det vart også årets første møte mellom laga.

I ein relativt innhaldsfattig første omgang vart det mest temperatur heilt på tampen då det braut ut eit aldri så lite basketak mellom laga. Etter at Bergsøy sin unge venstreback Markus Kjelsli Ihle fekk eit slag mot seg, vart det for mykje for Franjo Tepuric, som gjekk rett mot Emblem-benken. Då vart stemninga mellom dei to laga svært amper, og til slutt var alle spelarar, samt det meste av støtteapparata til dei to laga involverte i tumultane. Etter at konflikten roa seg, trengde dommar Tor Ove Myrseth både hjelp frå linjemannen og tid til å tenke seg om, før han landa på avgjerda om å gi gult kort til både Markus Kjelsli Ihle og Franjo Tepuric frå Bergsøy, samt Damian Alin-Constantin frå Emblem. Dette likte Bergsøy-supporterane dårleg, og protestane mot mannen i svart hagla.

Heller ikkje i byrjinga på andre omgang vart det produsert dei heilt store sjansane. Men så fekk Bergsøy frispark etter 65 minutts speletid. Og ved ballen stod assistenttrenar og klubblegende Frank Sverre Kopperstad Skorpen. Han viste at treffsikkerheita framleis er intakt, då han limte ballen oppe i hjørnet. 1–0 til Bergsøy.

Men Bergsøy var ikkje lenge i himmelen. Berre eit minutt seinare rota same Skorpen det til, og Emblem hadde få problem med å setje inn utlikninga. Berre nokre minutt seinare sette gjestane ballen i mål på nytt, men heldigvis for heimefansen vinka linjemannen for offside.

Runde avgjorde

Det såg ut til å ende 1–1 i Fosnavåg, men heilt på tampen rulla Bergsøy opp eit flott angrep der ballen blei spelt heilt ut til Trym Rekkedal på høgrekanten. Han løfta ballen inn og på motsett side venta Roald Runde som sikkert hamra inn den avgjerande scoringa. Dermed blei den heimvende lynkanten matchvinnar for Bergsøy.

– Det var godt. Dette var svært etterlengta, sa ein fornøgd Runde etter kampen.

Også den andre målscoraren for Bergsøy var fornøgd med scoringa si.

– Ja, det var eit flott mål. Men så rotar eg det jo til rett etterpå, og det skal jo sjølvsagt ikkje skje. Eg får ta den på mi kappe. Samtidig er det godt å ha scora eit mål i år også, seier den spelande assistenttrenaren.

– Desse kampane vi skal vinne

Hovudtrenar Tommy Malins, også han spelande, var fornøgd med dei tre poenga.

– Dette var ikkje den beste fotballkampen. Men det er slike sigrar som er viktige. Då eg kom til Bergsøy fekk eg høyre at eit av dei store problema har vore at Bergsøy ikkje klarer å avgjere dei jamne kampane. Det gjorde vi i dag, og det er eg sjølvsagt svært fornøgd med, seier Malins.

Det han derimot ikkje er like glad for er skadeutviklinga.

– Eg er skikkeleg bekymra når det gjeld Magnus Myklebust. Den skada såg alvorleg ut. Også Frank måtte gå av, men skada hans er eg litt meir usikker på. Uansett er dei to nye på ei allereie lang skadeliste. Heldigvis klarte Thomas Sætre Hauge og Trym Rekkedal seg veldig bra, sjølv om dei nettopp har kome tilbake frå skade, seier Bergsøy-sjefen.

Rollon neste

Også i neste kamp (torsdag 6. juni) har Bergsøy heimekamp, då mot Rollon.

– Eg forventar ein kamp som blir ganske lik kampen mot Emblem. Då handlar det om å gjenta det vi gjorde bra, avsluttar Bergsøy-sjefen, som kan konstatere at hans lag leiar tabellen, i alle fall fram til Volda møter Hødd 2 på måndag.