Framfor 240 tilskodarar skjedde det lite før Magnus Myklebust blei felt i straffefeltet etter 17 minutt. Straffa sette Franjo Tepuric sikkert i mål. Myklebust var frampå igjen sju minutt seinare då innlegget hans blei kontant sett i eige mål av Erik Iversen Florvaag. Myklebust var no på hogget, og like etterpå sende han av garde ei kanonkule i keepers høgre hjørne, via stolpen. Ikkje lenge etter det igjen kunne gurskingen auka til 4-0, men avslutninga sneia stolpen. Det heile etter eit flott innlegg frå unge og lovande Kristoffer Dahlstrøm på høgrekanten.

Like etter pause fann Tepuric lagkamerat Myklebust aleine framfor mål, noko som resulterte i ei enkel scoring for Bergsøy. Eit mål til fekk vi då Tepuric hamra ballen i mål, etter at Runde hadde snurra rundt med ein svimmel høgreback, og Myklebust hadde fått sitt skot blokkert.

Mot slutten fekk den 14 år gamle målvakta Julius Zahl Jarnes sin A-lagsdebut. Med Jakob Nerland på topp og Petter Aasen på høgreback var det no fire keeperar på plass. Tek du med Markus Ihle som blei 17 år for ei veke sidan, så var det eit ungt lag som avslutta kampen.

– Fleire fråfall

Det var ein nøgd Malins som møtte Vestlandsnytt etter kampen.

– Vanskeleg inngang med fleire fråfall. Men vil vi vinne ligaen, så kjem det ned til desse kampane der vi må nytte heile stallen. Eg synest vi spelte fin fotball. Og i dag tok dei unge godt vare på sjansen, smilte Malins, som er nøgd med at kampens bestemann Magnus Myklebust er i ferd med å finne forma.

– Erfaringa og kvaliteten hans er viktig. Han scora eit fantastisk mål, avslutta Malins.

Kristoffer Dahlstrøm var glad for å få sjansen frå start.

– Gøy med sjansen frå start på heimebane med Mannskapet i ryggen. Dette var løna for hard jobbing kvar veke, seier 15-åringen.

– Kamp om plassane

Myklebust var nøgd med ungdomane sitt bidrag.

– Ungdomane viste seg fram når dei fekk sjansen. Så vi fekk vist at vi har ein god stall. No gir dei unge oss kamp om plassane. Det treng vi, smilte Myklebust, som innrømma at han var innstilt på å overgå Daniel Jøsok Kvalsvik sitt mål i førre kamp.

Bergsøy stilte med dette laget: Storøy (Zahl Jarnes i 10 min) – Aasen (Rønnestad Hansen i 20 min), Leine, Skorpen, Ihle– Håheim Elveseter, Malins (Sporstøl i 26 min), Myklebust (Nerland i 20 min)– Dahlstrøm, Tepuric, Runde (Moltu i 16 min).