Myklebust og Sætre Hauge tilbake for Bergsøy – AaFK med fleire juniorar frå start

Tommy Malins og Lars Bohinen har bestemt seg for kven som startar onsdagens cupkamp i Fosnavåg.

PAPE HA­BIB GU­EYE: Den unge se­ne­ga­le­sa­ren her­ja med Bergs­øy-for­sva­ret som AaFK 2-spe­lar i fjor. No må Bergs­øy stoppe Gueye og AaFK om dei skal gjen­ta fjor­å­rets bragd.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Sport

Bergsøy gjer to endringar på laget frå fredagens 3-3-kamp mot Hareid. Thomas Sætre Hauge og Magnus Myklebust erstattar Vegard Håheim Elvester og Marius Sporstøl, som begge er å finne på benken.

Bergsøy (4-2-3-1): Ruben Bjørlykke Storøy – Benjamin Leine, Espen Langlo Driveklepp, Daniel Jøsok Kvalsvik, Sondre Nygård Olsen – Tommy Malins, Andrius Petreikis – Thomas Sætre Hauge, Magnus Myklebust, Roald Runde – Franjo Tepuric.

På benken: Julius Zahl Jarnes, Markus Kjelsli Ihle, Dani Rønnestad Hansen, Marius Sporstøl, Vegard Håheim Elvester, Jens Winsnes og Jakob Nerland.


Sjå reprise av cupkampen mellom Bergsøy og AaFK

Kampen byrjar klokka 17:00 på onsdag. Sendinga er eit samarbeid med Sunnmørsposten, og før kampen vil det vere ei opplading til kampen. Denne byrjar 10–15 minutt før kampstart.

 

AaFK gjer fleire endringar frå laget som vann 1-0 mot Notodden i helga. Andreas Lie, Jonas Grønner, Daniel Leo Gretarsson, Jørgen Hatlehol, Jernade Meade, Aron Thrandarson, Fredrik Carlsen, Niklas Castro og Holmbert Fridjonsson er alle ute av startoppstillinga.

Av desse er det berre Jørgen Hatlehol, Jonas Grønner, Niklas Castro og Holmbert Fridjonsson som er med til Fosnavåg, som innbyttarar.

Berre Ståle Steen Sætre og Pape Habib Gueye er med frå start, samanlikna med laget som vann over Notodden. 

AaFK (3-5-2): Tarjei Omenås – Kristoffer Hay, Ståle Steen Sæthre, Håvard Breivik – Isak Dybvik Määtä, Erikson Spinola Lima, Izunna Uzochukwu, Markus Karlsbakk, Tega George – Torbjørn Agdestein, Pape Habib Gueye.

På benken: Enock Mawete, Jonas Grønner, Niklas Castro, Holmbert Fridjonsson, Jørgen Hatlehol, Vetle Fiskerstrand og Ola Aga Ljoså.