Det er spesielt éin situasjon Bergsøy-trenar Tommy Malins reagerer på: Tidleg i andre omgang blir Franjo Tepuric felt på hjørnet av 16-meteren, ikkje ulikt fellinga same Tepuric blei utsett for i kampen mot Hareid. Men i begge tilfelle blir Tepuric beordra på beina igjen av kampens dommar, som i dag var Even Myrheim (Emblem). Det kan hende Myrheim hadde kome fram til ei anna avgjersle om han hadde moglegheita til å sjå situasjonen på TV.

– Det er klart at når vi ligg under med 0-1, så kan ei straffe vere med på å snu kampen for oss. Eg er ganske sikker på at Franjo skulle hatt straffe der. Vi gjer ein god kamp, og då er det synd at marginane er imot oss, seier Malins.

Jamn kamp

For det var ikkje mykje som skilte dei to laga i år heller. Bergsøy heva seg betrakteleg frå kampen mot Hareid, og hadde god kontroll på AaFK-angrepet med Pape Habib Gueye og Torbjørn Agdestein i spissen. Det er verd å nemne at AaFK gjorde heile ni endringar i startoppstillinga samanlikna med laget som vann 1–0 over Notodden. Berre nemnde Gueye og Ståle Steen Sæthre var med.

I løpet av kampens første halvtime skapte begge laga nokre moglegheiter, utan at dei var spesielt farlege. AaFK fekk også ei scoring annullert, og godtok det utan dei store protestane.

Perioden var elles prega av at AaFK hadde mykje ball, samtidig som Bergsøy låg kompakt i forsvar og hadde bra kontroll.

– Første halvtimen var heilt etter kampplanen, seier Tommy Malins.

Agdestein viste seg fram

Men i minutta før pause festa OBOS-ligalaget eit lite grep om kampen, og klarte også å få inn det viktige 1-0-målet. Tidlegare FK Haugesund- og Brighton-spelar Torbjørn Agdestein var målscorar.

I andre omgang sytte same Agdestein for 2-0-leiing for AaFK, etter at stordabuen fekk tid og rom i feltet til å snu seg rundt og hamre ballen til sides for Bergsøy-keeper Ruben Bjørlykke Storøy.

Agdestein var med også i fjor, då AaFK gjekk på eit skammeleg tap. Han var svært glad for at dei lukkast betre denne gongen.

– Det var veldig skuffande for oss i fjor. Men i år følte eg at vi stilte sterkare og var betre førebudd. Og då klarte vi også å gjere den jobben som vi dessverre ikkje gjorde i fjor.

– Var de nervøse?

– Nei, ikkje noko meir nervøse enn det som er vanleg før ein kamp. Men vi var fokuserte på den oppgåva som venta oss her, seier Agdestein til Vestlandsnytt.

Mot slutten av kampen punkterte Ståle Steen Sæthre cupfesten for Bergsøy då han sette inn 0–3. Dermed er cupfesten over for Bergsøy, medan tangotrøyene er eit steg nærmare Ullevaal.

– Kjekt å få møte slike spelarar

Den unge venstrebacken Sondre Nygård Olsen blei kåra til dagens Bergsøy-spelar av den lokale juryen. Han meinte det heile var ei artig oppleving.

– Det er kjekt å få prøve seg mot slike spelarar. Dei er på eit litt høgare nivå enn det vi møter til vanleg, og då er det spennande å få teste seg sjølv mot dei, seier Nygård Olsen.

Kaptein Daniel Jøsok Kvalsvik var fornøgd med laget sin prestasjon, men i likskap med trenar Malins var han skuffa over at marginane ikkje var med Bergsøy denne gongen.

– Vi gjer ein bra kamp, men det er jo surt at det ikkje går vår veg. Det er nokre situasjonar i dag som går mot oss. Det blir jo fort slik at ein tenker på det som kunne vore etter ein kamp der marginane ikkje er heilt på lag, seier Jøsok Kvalsvik.

– Men no får vi konsentrere oss om ligaen. Vi viste betring frå Hareid-kampen i dag, og no er vi klare for Larsnes/Gursken, avsluttar «Jøsse».

Vi kjem tilbake med eiga sak om lokaloppgjeret.