OBOS-cup: Mellomspel i mai og juni

Bergsøy og LGFK har hamna i kvar si pulje på seniornivå. Bergsøy er elles kvalifisert for mellomspelet også på G16-nivå.

KLARE FOR MELLOMSPELET: Jørn Olsen og LGFK krigar vidare når dei møter FK Sykkylven og Stranda i OBOS-cupen sitt mellomspel.   Foto: Stian Langlo Driveklepp

Sport

Bergsøy er i pulje A og skal møte Spjelkavik 2 og Harøy. Første kamp er terminfesta søndag 12. mai og er borte mot Harøy.

LGFK er i pulje med FK Sykkylven og Stranda. Første kamp for sandssokningane er også søndag 12. mai, borte mot Stranda.

Bergsøy sitt G16-lag er også vidare, og møter Hødd og Ørskog i mellomspelet. Første kamp er heime mot Ørskog måndag 13. mai.

Dei fire gruppevinnarane på kvart nivå går vidare til semifinale.