– Den første kampen er alltid vanskeleg. Og vi klarer ikkje å vinne den i år heller. Men vi kjem tilbake.

Det sa Franjo Tepuric etter at Bergsøy skuffa måtte innsjå at dei ikkje klarte å snu kampen i andre omgang etter marerittstarten på sesongen. Tepuric fekk elles ein tøff jobb mot eit robust og godt Hareid-forsvar, og kroaten sakna sin angrepskamerat Magnus Myklebust, som måtte følgje kampen frå tribunen.

Men det var ikkje i angrep Bergsøy hadde sine største utfordringar i opningskampen mot Hareid. Forsvarsspelet var rotete gjennom heile første omgangen, og det utnytta Hareid enkelt.

Første målet kom allereie etter fem minutt spel, då Ruben-Kenneth Brandal sette eit frispark sikkert i mål. Ti minutt seinare kløna Bergsøy det til, og Martinius Røyset Bakken sette enkelt inn 0–2.

Men det tok berre tre minutt før Bergsøy slo tilbake, og Marius Sporstøl sette inn 1–2. Gleda blei derimot kortvarig for heimefansen, for berre seks minutt seinare sette Røyset Bakken inn sitt andre for kvelden, og nedrykksfavoritt Hareid leia 3–1 borte mot den største opprykksfavoritten av dei alle. Og nok ein gong viste Bergsøy fram eit forsvarsspel som vel ikkje kan omtalast som anna enn skrekkeleg.

Håpet om poeng blei tent då Franjo Tepuric viste kven som er sterkast, ved å sende ballen i mål og Hareid-keeper Rikard Osnes i bakken, like før pause. Osnes kom seg etter kvart på beina igjen og kunne halde fram etter den harde duellen.

Men det var eit skaka Bergsøy-lag som gjekk til pause på stillinga 2–3.

Slo tilbake etter pause

I andre omgang tok Bergsøy kontroll på kampen, og var meir like seg sjølv igjen. Heimelaget rulla opp fleire fine moglegheiter, men sleit med utteljinga. Etter timen spel var «heile» stadion sikre på at Bergsøy skulle få straffespark, då Franjo Tepuric blei felt, men dommaren vinka spelet vidare.

– Det var heilt klart kontakt. Men eg vil ikkje skulde på dommarane, det er vi som må gjere jobben, ikkje dommarane, meinte Tepuric.

Like etter skulle Bergsøy likevel få målet sitt, då Espen Langlo Driveklepp steig høgast i feltet, og nikka ballen sikkert i mål. Eit flott angrep av Bergsøy, og ei viktig scoring frå midtstopparen.

Bergsøy heldt fram med å skape sjansar, og mellom anna Vegard Håheim Elveseter, Franjo Tepuric og Daniel Jøsok Kvalsvik kom til avslutning, men utan å lykkast. Dermed enda ein intens sesongpremiere med 3–3.

– Styrer alt i andre

Bergsøy-trenar Tommy Malins var sjølvsagt ikkje nøgd med resultatet, men engelskmannen meiner likevel at det ikkje var så hakkande gale.

– Vi må dele denne kampen inn i to. Vi styrer alt i andre, såg du meir enn eit lag på bana i andre omgang? Uansett, eg meiner at vi er bra på Hareid sin banehalvdel heile kampen.

– Men vi har snakka om forsvarsspelet heile vinteren, i dag raknar det igjen. Er det godt nok?

– Vi har slite, men vi har også gjort det bra i det siste. Averøy-kampen var veldig bra. Men det er klart, dei feila vi gjer i dag, det kan ikkje skje igjen, seier Bergsøy-sjefen.

Konfirmanten imponerte

Malins lét seg elles imponere av 15-åringen Vegard Håheim Elveseter. Han var dagens overrasking i Bergsøy si startoppstilling, og leverte ein solid prestasjon frå sin midtbaneposisjon. Han vart også kåra til dagens Bergsøy-spelar av den lokale juryen.

– Det var ikkje meininga at Vegard skulle starte. Men Thomas (Sætre Hauge, red. mrk.) måtte melde avbod nokre timar før kamp, då han skal bli far. Ingen problem då Vegard leverte ein god kamp. No må han berre jobbe hardt slik at han klarer å gjere det same igjen, smiler Malins.

– Må få denne ut av systemet

Bergsøy møter no Aalesund i sin neste kamp. Cupfesten finn stad onsdag 1. mai. Storscorar Tepuric trur det blir tøft å kopiere fjorårets bragd.

– Det blir vanskeleg å gjere det igjen. Men vi skal prøve. No må vi berre få Hareid-kampen ut av systemet, og så kan vi byrje å tenke på Aalesund, avsluttar Tepuric.

Heller ikkje trenar Malins er klar for å snakke om AaFK enno, då engelskmannen vil summere opp Hareid-kampen først.

– Vi må finne ut av denne kampen, også rettar vi blikket mot AaFK, avslutta Malins før han hasta vidare til tribunen. Der sat nemleg familien hans, som hadde teke den lange turen frå England.

– Kanskje det var ulukke å få dei hit, seier Malins i ein siste kommentar.