Bergsøy gjekk ut i hundre då dei gjesta Ørsta for den første kampen på veg mot eit nytt cupeventyr. Det var ikkje spelt mange minutta då Franjo Tepuric gav Bergsøy leiinga 1–0. Kroatens første scoring i år.

Og Bergsøy heldt fram med å styre kampen utover førsteomgangen. Det var derfor på ingen måte ufortent då Espen Langlo Driveklepp stanga inn 2–0 omtrent halvvegs inn i omgangen.

– Etter dei første tjue minutta var eg sikker på at vi skulle ta ein komfortabel siger. Vi kontrollerte kampen fullstendig då, seier Bergsøy-trenar Tommy Malins.

Rakna heilt

Men like etter Driveklepps 2-0-scoring skifta kampen heilt karakter. Bergsøy trakk seg bakover, samtidig som Ørsta skrudde opp tempoet. Og plutseleg var Ørsta tilbake i kampen, etter at Bergsøy-forsvaret svikta totalt, ikkje berre ein gong, men to gongar i løpet av tre minutts speletid.

Og som ikkje det var nok, like før pause måtte også målvakta Petter Meland Aasen gi seg for dagen.

– Petter fekk seg ein skulderskade. Vi må få undersøkt kor alvorleg den er snarast råd. Heldigvis har vi ein veldig god reservekeeper i Ruben Bjørlykke Storøy. Men det er klart, Petter er ein av divisjonens beste målvakter, og eit stort tap for oss om dette er noko alvorleg, seier ein litt bekymra Malins.

Laga gjekk til pause på stillinga 2–2.

Ungt forsvar

Då Bergsøy kom tilbake på bana for andre omgangen, hadde Tommy Malins fått seg eit nytt slag i trynet. Stopparkjempa Espen Langlo Driveklepp måtte kaste inn handkleet etter berre ein omgang. Han slit med ein strekk.

– Vi var allereie nøydt til å klare oss utan Frank Sverre Skorpen i dag, og når vi også mista Espen tidleg, blei det tøft for oss. Både Trym (Rekkedal) og Sondre (Nygård Olsen) er svært gode, men dei har ikkje så mykje erfaring på dette nivået endå, seier Bergsøy-trenaren.

Men den unge stopparduoen klarte seg lenge bra på Aurstad Arena i Ørsta. Og framover byrja Bergsøy sakte men sikkert å få spelet inn på rett spor igjen.

Myklebust viste seg fram

Blant anna hadde Franjo Tepuric eit par svært gode moglegheiter, utan at det gav resultat. Også Thomas Sætre Hauge hadde sine sjansar. Men det var den mest rutinerte av trioen som til slutt skulle ta ansvar. Med to scoringar i løpet av eit kvarters tid midtvegs i omgangen, gav Magnus Myklebust Bergsøy eit solid forsprang. Når innbytar Jakob Nerland deretter sette inn 5–2 for Bergsøy var sigeren i realiteten i boks for Bergsøy.

Men mot slutten av kampen sovna Bergsøy på ny, og Ørsta fekk ei redusering ut av ingenting. I kampens siste minutt var Bergsøy-forsvaret på bærtur endå ein gong, og kaptein Daniel Jøsok Kvalsvik var uheldig å sette ballen i eige nett.

Heldigvis for Bergsøy sin del, blåste den omdiskuterte dommaren Even Myrheim av kampen like etter, og Bergsøy-trenar Tommy Malins kunne notere seg ein viktig 5-4-siger og avansement til neste runde.

– Det viktigaste er heilt klart resultatet. Det er eg kjempefornøgd med. Prestasjonen vår var derimot dårleg. Vi har mykje å jobbe med.

Slit defensivt

For sjølv om Bergsøy sprudlar offensivt, og har scora 18 mål berre dei tre siste kampane, slit dei i den andre enden av bana.

– Vi har ein jobb å gjere i det defensive spelet vårt. Vi slepp inn alt for mykje mål. Vi er uheldige med skader og slikt, men vi må bli betre, seier engelskmannen.

– Kjem du til å forsterke forsvaret?

– Vi jobbar med saka. Det er ikkje nokon stor marknad å hente frå, men forhåpentlegvis klarer vi å sikre oss ein spelar til før sesongstart.

Hadde kontrollen på tribunen også

Ein viktig faktor for Bergsøy sin del er utan tvil støtta dei får frå publikum. Det var ikkje vanskeleg å høyre at det var Bergsøy sine supporterar som hadde kommandoen på tribunen under søndagens cupkamp i Ørsta. Det er noko Tommy Malins set stor pris på.

– Det er det som gjer Bergsøy unikt. Vi har verkeleg god støtte, og det er viktig for oss. Eg huskar frå tida då eg spelte i Volda at det nesten var som ein bortekamp då vi hadde heimekampar mot Bergsøy. Dei utkjempar alle dei andre laga, smiler Tommy Malins.