Det losna skikkeleg for LGFK då dei møtte sjettedivisjonslaget Åmdal torsdag kveld. Sandssokningane leia 3–0 ved pause, og gav seg ikkje før resultattavla i Ørsta viste 6–1.

Larsnes/Gursken-trenar Anders Helsem Hoff er storfornøgd med utviklinga.

– Vi har trent godt, og tatt små steg heile vegen. Men i kampen mot Åmdal såg eg store steg. Det var ein god prestasjon, der vi var veldig bra i store delar av kampen, meiner Helsem Hoff.

Etter 3-2-sigeren over Giske i den første kampen i OBOS-cupen har LGFK fått trene i to veker. Dei har blitt nytta godt.

– Vi har hatt mykje fokus på samhandling i laget, både offensivt og defensivt, og vi såg klare framsteg defensivt i denne kampen. Åmdal hadde berre ein kvalifisert sjanse i løpet av kampen, og det var reduseringa til 1-4, som kom rett etter 4-0-målet til Henrik Gjerde Sætre, seier LGFK-trenaren.

Han ser klare forbetringar også i det offensive spelet.

– Samspelet har blitt skikkeleg bra. Åmdal hadde store problem med å henge med, då vi rulla opp angrep etter angrep, og spelte oss fram til mange sjansar, seier Helsem Hoff.

Skryt til Rekdal og dei unge

Helsem Hoff vil etter denne kampen spesielt skryte av Aleksander Rekdal.

– Aleksander viser seg som ein skikkeleg lagspelar, og kombinerer fint med alle rundt seg. Men spissar skal score mål, så det gjer nok godt for sjølvtilliten at han no scora to mål på slutten av kampen. Det siste målet var elles ein susar i vinkelen frå 25 meter, skryt trenaren.

Også dei unge får ros.

– Eg vil også skryte av dei unge som fekk sjansen til å vise seg fram. Eivind Torset, Markus Fuglseth, Sondre Voksøy Bringsvor og John Rekdal spelte store delar av kampen, og gjorde sakene sine godt, seier Helsem Hoff som også takkar supporterane som tok turen til Ørsta denne marskvelden.

Gruppefinale mot Hasundgot

LGFK møter no femtedivisjonslaget Hasundgot til gruppefinale i avdeling A. Den kampen går torsdag 21. mars på River Plate i Gursken. Begge laga vil uansett resultat ta seg vidare i OBOS-cupen, men det har sine fordelar å vinne gruppa.

Kampfakta:

Åmdal - LGFK 1-6 (0-3)

0-1: sjølvmål, 10 min

0-2: Henrik G. Sætre, 35 min

0-3: John Oskar Rekdal, 41 min

0-4: Henrik G. Sætre, 51 min

1-5: Aleksander Rekdal, 76 min

1-6: Aleksander Rekdal, 85 min