Maria Parr er vinnar av fylkeskulturprisen 2021

Kultur-, næring- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal har i dag tildelt fylkeskultprisen 2021 til forfattar Maria Parr.

Maria Parr er årets vinnar av Fylkeskulturprisen i Møre og Romsdal.  Foto: Josefine Spiro (arkiv)

Kultur

- Maria Parr har gjennom sitt forfattarskap blitt ein av dei største barnebokforfattarane frå Noreg. Gjennom arbeidet sitt skapar Parr leseglede for barn og unge, samstundes som ho skildrar utfordringar i livet som vennskap, forelsking og sorg. Vi ser at ho løfter fram tøffe og likestilte jenter i bøkene sine, noko som har vekt merksemd både i inn- og utland, seier leiar i kultur,- næring,- og folkehelseutvalet Marit Nerås Krogsæter i ei pressemelding tysdag.