Og årets kulturpris i Sande går til… Kevin André Søvre Myklebust:

- Ein ekte ja-person

Årets kulturpris i Sande går til Kevin André Søvre Myklebust - for ein mangfaldig innsats for kulturlivet i kommunen.

Forbausa: Kevin Andrè Søvre Myklebust (t.h) vart forbausa då ordførar Olav Myklebust las opp namnet hans.   Foto: Bjørnar T. Sævik

Kultur

Prisen vart delt ut under Sandemessa søndag ettermiddag. Det var ordførar Olav Myklebust som utropte årets vinnar på vegner av kulturprisnemnda, beståande av tre politisk valde representantar og ein representant for Sparebanken Møre.