Regjeringspartia:

- Kystpilegrimsleia får 2 millionar til regionale pilegrimssenter

Herøy gamle kyrkjestad er ein av nøkkelstadane i "Kystpilegrimsleia", ei satsing som regjeringa no har bestemt å utvide tilskotet til, frå 1 til 2 millionar kroner. Dei varslar vidare at ei opptrapping vil halde fram

Regjeringa vi satse meir på kytspilegrimsleia. F.v Lena Landsverk Sande, V, Monica Moldvær, H og Harry Valderhaug, KrF.  Foto: Pressefoto

Kultur

Regjeringa gav i Statsbudsjettet for 2021 for fyrste gong statstilskot til Kystpilegrimsleia. I statsbudsjettet for 2022 aukar regjeringa tilskotet til Kystpilegrimsleia frå 1 til 2 millionar kroner, og varslar at opptrappinga vil halde fram. Dette vert opplyst i ei pressemelding.