John (75) frå Fosnavåg har måla heile sitt vaksne liv - fyrst no viser han fram kunsten sin:

– Måleria er som ein del av meg

I eit naust på Jensholmen opnar John Berg Nerem si aller fyrste kunstutstilling – med hundrevis av akryl- og akvarellmåleri.

John Berg Nerem: 75-åringen frå Fosnavåg har ikkje hatt måleria sine på utstilling før, trass i at han har drive med kunst som hobby heile sitt vaksne liv. Tanken på å vise fram eigen kunst gjer han litt nervøs. – Eg måtte ta meg ein «vival» før eg bestemte meg for det, smiler Fosnavågaren. 

Eg finn ofte inspirasjon i fotografi, og ein skal som regel kunne sjå kva som er måla.– Eg finn ofte inspirasjon i fotografi, og ein skal som regel kunne sjå kva som er måla.

John Berg Nerem
Kultur

John Berg Nerem leiter med blikket over ei liste som har titlane på alle måleria rundt oss.