Sunnmørsjekta «Anna Olava» på pilegrimsreise frå ytst i havlandet til inst i fjordane:

– Ei oppleving for livet

Eit reisefølgje på 10 personar reiste førre veke i spora etter Heilag Olav då Sunnmørsjekta «Anna Olava» la ut på pilegrimsferd frå Herøy til Valldal.

Som pilegrim vert vi utfordra til å sjå verda som framand og reflektere kring det som er rundt oss og reisa vi er på.

Solfrid Leinebø Seljås
Kultur

Målet med reisa, i regi av Herøy kyrkje og Herøy kystmuseum, var å følgje segna etter Heilag Olav og hans menn frå då han heldt råd ved Herøy til dei gjekk i land i Valldal omkring år 1027. Ferda gjekk med den 47 fot lange Sunnmørsjekta «Anna Olava» frå nøkkelstaden Herøy gamle kyrkjestad, gjennom storslått kyst- og fjordlandskap og inn Storfjorden til Valldal, med fleire stopp på ferda.