Eirik Ristesund Støylen (Tydem) med gullplate – satsar på musikk-karriere

– Eg har nok fått mykje av musikken i arv frå Kvamsøya, seier Eirik Ristesund Støylen, – for mange betre kjend under artistnamnet Tydem.

Eirik Ristesund Støylen: La fotballen og trompeten på hylla, og satsar alt på ei karriere som artist, under namnet Tydem. Her fotografert «heime» på Kvamsøya, der begge foreldra kjem frå. Foto: Janfrid Gunnarstein Ristesund 

Kultur

Over tre millionar nedlastingar eller strøymingar for låten «Action Frank» førte til at 22-åringen som er busett i Ålesund kom i posisjon til å få gullplate. Og den er no på plass.