Det rare året

Det siste året har vore det raraste året i mi levetid, og det har stort sett handla om alvorlege ting, men det har også vore komikk.

Korona-diktar: Knut Arne Høyvik har mellom anna nytta det siste året til med ujamne mellomrom å skrive dikt om korona. Desse har han lagt ut på Facebook. 

Det var ingen grunn til at ein frisk mann som meg på 64 år skulle uroe meg. Men så ringde ei av døtrene mine, og ho er doktor.

Kultur

Seint på ettermiddagen den 12. mars i fjor, gjekk eg inn på ein kolonialbutikk. Vanlegvis sjekkar eg nyheiter på mobilen ofte, men denne dagen var eg oppteken med noko anna, og levde sånn sett i ei verd for meg sjølv.