Historisk diakonvigsle

Søndag føremiddag blir det festgudsteneste i Herøy kyrkje når Herøy får sin fyrste diakon! Dette blir markert med ei vigslingshandling i familiegudstenesta.

Vigsling Ragnhild Danbolt Øygard skal vigslast som Herøy sin fyrste diakon.  Foto: Privat

Kultur

Ragnhild Danbolt Øygard skal vigslast til teneste som «diakon for barn, unge og familier». Ein diakon skal, lik andre tilsette i kyrkja, arbeide for at fleire skal få kjenne seg sett og møtt i det kristne felllesskapet, men ein diakon har eit særleg ansvar for dette området.

Biskop Ingeborg Midttømme, prost Ingeborg Matre, vikarprest Solfrid Leinebø Seljås ogkantor Dag Johan Flattun vert med i gudstenesta saman med fleire forbedarar. Ei forsongargruppe vil leie songen, og eit samansett band spelar til songane og salmane.

Vi trur at mange ynskjer å vere tilstades ved denne historiske hendinga, og er difor svært glad for at det no kan vere 100 personar i kyrkja med god avstand og godt smittevern. Det kan vere lurt å kome i god tid, for det tar tid med registrering og med å vise folk til plassane.

På søndag er det også gudsteneste i Leikanger kyrkje. Der er det også dåp, og vi ynskjer velkomne til begge desse gudstenestene.

Solfrid Leinebø Seljås vikarprest