Kommunikasjonsprisen til Bjørn Martin Aasen

Måndag føremiddag vart kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen overraska og fekk overrekt Kommunikasjonsprisen for 2020 av kommunikasjonsrådgjevar, Iselin Nevstad Øvrelid.

Bjørn Martin Aasen får Kommunikasjonsprisen for 2020.  Foto: Iselin Nevstad Øvrelid

Kultur

I grunngjevinga for utdelinga heiter det:

"Prismottakaren for 2020 er ærleg og presis i både ord og tale. Arbeidet som har blitt gjort har skapt tillit og tryggleik. Det har vore svært viktig i 2020 då koronapandemien tok grep over oss. Prismottakaren stiller alltid opp til artiklar, bilete, videoar og på direktesendt radio, så lenge det gagnar målet om å nå innbyggjarane med tydeleg og rett informasjon, både lokalt, men også regionalt".

Prismottakaren er tilgjengeleg for å svare ut spørsmål frå innbyggjarane våre og er oppteken av å skape ein god og forståeleg dialog.

Prismottakaren er rask, engasjert i kommunikasjonsarbeidet og ser viktigheita av å vere i forkant både på nettsida, til media og i sosiale medium.

Prismottakaren ser alle målgrupper og samla sett fremjar han kommunikasjonsarbeidet til Herøy kommune på ein svært god måte».

Prisen vert delt ut til ein person, seksjon eller avdeling i Herøy kommune som har synleggjort kommunikasjonsarbeidet på ein god måte.

I 2019 fekk Herøy Produksjon prisen.