På Leikongeidet strøymer folk til skiløypene der. Skøytebaner finn vi på Frøystad, Larsnes, i Gursken og Fosnavåg. Vi vil sjå bilete frå alle vinteraktivitetane og ber derfor våre lesarar om å dele sine bilete med oss. Vis oss kva de styrer med, og bli med på å forevige vinterminna i ei spesiell tid. Bileta kan de sende via e-post til redaksjon@vestlandsnytt.no. Er du på Instagram kan du også hashtagge bileta dine med #vestlandanytt.
Full action i lysløypa på Leikongeidet om dagen: – Gurskøy IL skulle fått seg ein pris
Godt humør og turlystne folk i løypene er betaling nok for lysløypegruppa i Gurskøy IL. Den siste veka har trakkemaskina verkeleg fått køyrt seg, og folk strøymer til eidet for å gå på ski.
Isbana på Frøystad engasjerer:
- Glad det skaper interesse
Skuleklasser, småbarnsfamiliar og bygdefolk, alle finn ein på isbana på Frøystad no om dagen. Dei ansvarlege er glade for å sjå at initiativet engasjerer.