Segn og Soge 2020 er klar

Ei rykande fersk utgåve av Segn og Soge er no kome for sal.

Segn og soge-omslag 

Kultur

Vanlegvis er det Sandemessa som er lanseringsarena for denne, men slik vart det diverre ikkje i år. Om lansering og distribusjon vert noko uvant i år, meiner boknemnda med Sindre Torset i spissen at innhaldet er like godt som alltid.

Sidan det fyrste Segn og Soge kom i 1977, har det vore gitt ut 44 utgåver av Sande Sogelag sitt tidsskrift. Dette har summert seg til over 500 artiklar om lokal historie. Samlinga har etter kvart vorte ein viktig kulturskatt i seg sjølv. For å gjere det enklare å navigere i denne samlinga er det i år inkludert eit komplett oversyn over alle artiklar som har vore publisert, med referanse til forfattar og årstal.

I år finn du seksten spanande artiklar, med litt frå alle bygdelag i Sande. Du kan mellom anna lese om butikkar i Haugsbygda, oppvekst på Sandsøy, krigsopplevingar på Hakallestranda, ein bygdediktar med eiga borg i Gjerdsvika, «Stikke-Berta» frå Kvamsøy, og om det å vere presteson på Larsnes på slutten av femtitalet.

Vi vonar tidsskriftet fell i smak, og at du finn vegen til din lokale butikk for å kjøpe deg eit eksemplar til jul. Boknemnda ynskjer alle ei god jul, og takkar til alle som har sendt inn stoff til Segn og Soge 2020!