Adventskonsert med Kvalsvik og Nerlandsøy Musikkorps:

Julestemning i fleng på konserthuset

At dette er Herøy sitt mest oppegåande skulekorps er det vel ingen i tvil om. For ein entusiasme og ei speleglede i dette korpset, som heile Nerlandsøya vernar om som ein juvel. Og juvel er det!

Stemning: Når korpset spelte «Nordnorsk julesalme» fiksa Torgrim stemning frå Nord-Norge!  Foto: Robert Skeide

Kultur

Og når trivelege Ira Ulvan entrar scena får vi detaljert info om det vi får høyre, og det meste er kjent stoff. Det nesten så ein får gåsehud då det fulltalige korpset på 30 medlemmer opnar med «Joy to the world» av Händel.