Sarah Nærø Pettersen sitt band i ny Huawei-reklame: – Eit kjempekompliment

Sarah Nærø Pettersen (22) frå Herøy og hennar band GiddyGang har laga musikken til (og dukkar opp i) ein heilt ny reklamefilm for teknologigiganten Huawei – med Therese Johaug.

GiddyGang: Her ser vi bandet som no er aktuelle med sin nye mixtape «GIDDY MIX». Framme ser vi Sarah Nærø Pettersen. 22-åringen frå Herøy har tidlegare stått mykje på scena i lokale samanhengar. No er ho busett i Oslo. Bak ho frå venstre ser vi Kevin Andersen (26), Martin Stapnes (23), Sigmund Vestrheim (21) og Bård Kristian Kylland (25). Foto:  Foto: Akam1k3

Kultur

Måndag rulla den kinesiske teknologigiganten Huawei i gang ein fersk reklamekampanje for ein ny berbar PC. I filmen ser vi heile landets skidronning, Therese Johaug, som modell, der ho brukar den nye datamaskina.