Det er produsent Jannicke Tolfsen som kan dele den glade kulturnyheita med Vestlandsnytt. Saman med Schakenda sjølv kjem Tolfsen og vil delta under begge dei lokale kinoframsyningane av dokumentarfilmen «Hel ved – Historien om Morten Schakenda». Filmen vert vist fredag 18. september i Fosnavåg og søndag 20. september i Ulsteinvik. Etter filmen blir det mingling og kanelsnurrar frå Lom.
Stor interesse
Tolfsen kan informere om at interessa har vore stor for å få på plass lokale kinoframsyningar på Ytre Søre.
– Ja, fleire har kontakta oss og vil sjå filmen, seier ho.
No håper ho at alle som vil sjå filmen grip moglegheita.
– Om etterspurnaden blir stor, vil vi sette opp fleire visningar, men det fordrar at vi får god sving på billettsalet, forklarar Tolfsen til Vestlandsnytt.
Personleg
Produsenten forklarar vidare at dokumentaren har blitt veldig personleg.
– Vi har finansiert filmen ut av eiga lomme og har derfor hatt spelerom til å lage han på «riktig måte». Det har blitt ei personleg og spesiell historie, seier ho.
Opptaka til dokumentarfilmen om Morten Schakenda vart gjort i 2018. Filmen er 56 minutt lang, og i tillegg til bakaren sjølv, medverkar fleire familiemedlemar. Historia tek sjåaren med på ei reise gjennom draumar, sjukdom og suksess. Filmen er produsert av Clair Obscur ved Jannicke Tolfsen og Samy El Mekkaoui. Musikken er skriven av mellom andre Odd Magne Myre og Eileen Simonsen.