Pilegrimar på syningsferd til Herøy:

– Ønskjer å vere eit naturleg møtepunkt for pilegrimar

Denne veka kom eit reisefølgje av pilegrimar til Herøy for å oppleve korleis lokale krefter har lagt til rette for den relativt «nye» kystpilegrimsleia som no er etablert langs den norske kystlinja.

Samla på Herøy Gard: Dei besøkande avslutta sitt besøk i Herøy med kommunen sin eigne pilegrimsliturgi. Den er forma ut og gjort tilgjengeleg for alle pilegrimar som kjem til Herøy gard.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Det er viktig at vi fører folka som legg til rette for pilegrimar saman, slik at nøkkelstadane langs kysten kan samhandle betre

Audhild Mork dagleg leiar for Regionalt pilegrimssenter Smøla
Kultur

Den tusen år gamle kyrkjestaden ved Herøy gard var naturleg nok destinasjon. Han vart nemleg for nokre år sidan peikt ut som ein av dei fem nøkkelstadene i Møre og Romsdal for den offisielle kystpilegrimsleia til Nidaros. Prosjektet har som mål å skape eit autentisk nettverk og reiselivsprodukt for moderne pilegrimar, basert på den gamle hovudfartsåra for pilegrimar til Nidaros. Herøy kommune har følgt utviklinga av prosjektet frå startgropa, og har sidan då også fatta kommunestyrevedtak om at kommunen skal spele ei synleg rolle i satsinga.