Det vart Arthur-helg likevel!

Jammen dukka det ikkje opp spelfolk på Kongsvollen i år også, sjølv om koronaen har stengt det meste. Elles på Sandsøya vart det mykje liv og røre i den tradisjonelle samkomsthelga.
Kultur

– Vi klarte ikkje å halde oss unna Kongsvollen sjølv om spelet vart avlyst. Og så passa det fint at her var samlingshelg også, samstemte ein gjeng frå Kong Arthurspelet då vi møtte dei laurdag.